Det finns om lag 200 000 vinterfora sauer i Rogaland.
Opplev saueklipping på nært hald når dei beste konkurrerer!
Fredag opner NM-teltet kl 17.00 for Pub og Pizza saman med Sjøkanten bar. Konkurransane startar kl 19.00 fredag. Første klasse er innleiande rundar for junior og mellom, før det blir konkurranse i handsaks og sist men ikkje minst speedklipping. Laurdag startar konkurransane kl 08.00.
Arrangementet skal skje ved sjøkanten i Føresvik på Bokn, der det blir haustmarknad med spennande salsbod innanfor husflid og lokalmat, Bokn største sandkasse, hoppeslott og trebåtutstilling. Det vert servert god mat og drikke heile helga, både på land og om bord i MS Sandnes.
M/S Sandnes har òg opent om du ønskjer å prøve flytande restaurant eller hotell! NM-teltet blir på kaien i Føresvik, så her det berre til å parkere bilen for helga, da alt er i gåavstand.
Laurdagskveld ordnar Bokn Event After Saueklipp, der Anne Tove Øvrebø og Rabalders speler opp til dans kl 21.00.
Her får du meir informasjon om NM i saueklipping på Bokn.